Mark 16
1Då kviledagen var ende, kjøpte Maria Magdalena og Jakobs-Maria og Salome angande kryddor; for dei vilde ganga av stad og salva honom. 2Ovtidleg den fyrste dagen i vika - det var so vidt soli hadde runne - kom dei til gravi. 3Då sagde dei seg imillom: «Kven skal me få til å velta steinen frå gravopningi?» 4Men då dei såg upp, vart dei vare at steinen var fråvelt, og han var ovstor. 5Då dei kom inn i gravi, såg dei ein ung mann, som sat på høgre sida, klædd i ein lang kvit kjole. Dei vart forfærde; 6men han sagde: «Ver ikkje forfærde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest! Han hev stade upp att; han er ikkje her. Sjå her er staden der dei lagde honom. 7Men gakk no av stad og seg med læresveinarne hans og med Peter at han gjeng fyre dykk til Galilæa; der skal de sjå honom, som han hev sagt dykk.» 8Då gjekk dei ut att og rømde frå gravi; for fælska hadde teke deim, so dei skalv og var mest ifrå seg. Og dei tala ’kje eit ord til nokon, so rædde var dei. 9Då Jesus hadde stade upp att, tidleg den fyrste dagen i vika, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder utor. 10Ho gjekk av stad og sagde det til deim som hadde vore med honom, og som no syrgde og gret. 11Men då dei fekk høyra at han livde, og at ho hadde set honom, vilde dei ikkje tru det. 12Sidan synte han seg i ein annan skapnad for tvo av dei, som gjekk etter vegen og skulde ut på landet. 13Dei og kom og sagde det med dei andre, men dei trudde ikkje deim heller. 14Seinare synte han seg for dei elleve sjølve, med dei sat til bords; og han lasta deim for vantrui og tråskapen deira, at dei ikkje trudde deim som hadde set honom etter han var staden upp att. 15Og han sagde til deim: «Gakk ut i all verdi og kunngjer evangeliet for all skapningen! 16Den som trur og vert døypt, skal verta frelst, men den som ikkje trur, skal verta fordømd. 17Og desse teikni skal fylgja deim som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder; dei skal tala med nye tungor; 18dei skal taka ormar i henderne, og um dei drikk noko som det er gift i, so skal det ikkje skada deim; legg dei henderne på sjuke, so skal dei få att helsa.» 19Etter Herren Jesus hadde tala til deim, vart han teken upp til himmels og sette seg ved Guds høgre hand. 20Og dei gjekk ut og tala Guds ord alle stader, og Herren var med deim og stadfeste ordet med dei teikni som fylgde med.
Copyright information for
NorSMB