Proverbs 6
1Hev du borga for grannen din, son min, hev du handtekest for ein annan, 2er du bunden ved ord av din munn, er du fanga i ord av din munn, 3gjer då soleis, son min, og berga deg, sidan du er komen i handi på grannen: Gakk og kasta deg ned for grannen, gjer ågang på han, 4unn ikkje dine augo svevn, eller augneloki ein blund. 5Frels deg som ei gasella or handi hans, som ein fugl or fangarvald! 6Gakk til mauren, du leting, sjå hans ferd og vert vis! 7Han hev ingen hovding eller fut eller herre, 8men lagar um sumaren maten sin til og hev um hausten sanka si føda. 9Kor lenge vil du liggja, du leting? Når ris du upp or di svevn? 10Endå litt svevn, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross, 11so kjem armodi di som ein farande fant og naudi som skjoldvæpna mann. 12Ugagns menneskje, illgjerningsmann, er den som gjeng og rengjer munnen, 13som blinkar med augo, skrapar med foten, peikar med fingrarne, 14med meinspel i hjarta, alltid emnar på ilt, og yppar trættor. 15Difor kjem hans undergang brått, snøgt vert han ulækjande krasa. 16Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjæl: 17Storlåtne augo, ljugartunga, hender som renner ut skuldlaust blod, 18hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt, 19den som lyg og vitnar falskt, den som yppar strid millom brør. 20Son min, tak vare på bodet åt far din, og kasta ’kje frå deg læra åt mor di! 21Bitt deim alltid til hjarta ditt, knyt deim um halsen din! 22Når du gjeng, skal læra leida deg; når du ligg, skal ho vaka yver deg; når du vaknar, skal ho tala til deg. 23For bodet er ei lykt og lovi er ljos, og påminning med tukt er livsens veg. 24Dei kann vara deg frå den vonde kvinna, frå den sleipe framande tunga. 25Ikkje trå i hjarta etter vænleiken hennar, og lat ho ’kje fanga deg med augneloki sine! 26For skjøkja armar ut til siste brødbit, og gifte kona jagtar etter dyre livet. 27Kann nokon taka eld i fanget og ikkje brenna klædi sine? 28Ell’ kann ein gå på gløder og ikkje svida føterne? 29So vert det med den som gjeng inn til kona åt grannen; ingen kjem urefst frå det, um han rører henne. 30Vert ikkje tjuven vanvyrd, um han stel og vil stilla sin svolt? 31Vert han teken, lyt han sjufaldt betala, alt han eig i sitt hus, lyt han gjeva. 32Den som driv hor med ei kona, er vitlaus, den som vil tyna seg sjølv, gjer slikt. 33Hogg og skjemsla fær han, og ingen utslettar hans skam. 34For mannen harmast i åbryskap, på hemnsdagen sparer han ikkje. 35Han bryr seg ikkje um nokor bot og tek ’kje imot um du gjev han mykje.
Copyright information for
NorSMB