Psalms 147
1Halleluja! For det er godt å lovsyngja vår Gud, for yndelegt er det, og lovsong høver vel. 2Herren byggjer upp Jerusalem, han samlar dei burtdrivne israelitar. 3Han lækjer deim som hev sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår. 4Han set tal på stjernorne, han nemner deim alle med namn. 5Stor er vår Herre og veldug i magt, på hans vit er det ikkje mål. 6Herren held dei spaklyndte uppe, dei ugudlege bøygjer han ned til jordi. 7Syng for Herren med takkesong, syng lov for vår Gud med cither! 8han som tekkjer himmelen med skyer, han som lagar regn for jordi, han som let det veksa gras på fjelli. 9Han gjev feet for, ramn-ungarne som ropar. 10Han hev ikkje hug til hestens styrke, han hev ikkje hugnad i mannsens leggjer. 11Herren hev hugnad i deim som ottast han, deim som ventar på hans miskunn. 12Jerusalem, prisa Herren, Sion, lova din Gud! 13For stengerne på dine portar hev han gjort faste, han hev velsigna dine born i deg. 14Han gjev dine grensor fred, han mettar deg med den feitaste kveite. 15Han sender sin tale til jordi, fort spring hans ord. 16Han som gjev snø som ull, han strår ut rim som oska. 17Han kastar sin is som småe stykke; kven kann standa for hans kulde? 18Han sender sitt ord og smeltar deim, han let vinden sin blåsa, då renn vatn. 19Han hev kunngjort sitt ord for Jakob, sine fyresegner og rettar for Israel. 20Soleis hev han ikkje gjort med noko folk, og hans rettar - deim kjenner dei ikkje. Halleluja!
Copyright information for
NorSMB