‏ Romans 13

1Kvar mann skal vera lydug mot dei fyresette styremagter. For det finst ikkje styremagt utan av Gud, men dei som finst, deim hev Gud skipa, 2so den som set seg imot styremagti, han stend imot Guds skipnad; men den som stend imot, skal få sin dom. 3For dei styrande er ikkje til rædsla for den gode gjerning, men for den vonde. Vil du sleppa å ræddast styremagti? Gjer det som godt er, so skal du få ros av henne; 4for ho er Guds tenar, deg til gode. Men gjer du det som vondt er, so ræddast! for ho ber ikkje sverdet for inkje; ho er Guds tenar, ein hemnar til refsing yver den som gjer det som vondt er. 5Difor er det naudsynleg å vera lydug, ikkje berre for refsingi skuld, men og for samvitet. 6Difor legg de og skatt, for dei er Guds tenarar, som just tek vare på dette. 7Gjev då alle det de er deim skuldige: skatt til den som skatt skal hava, toll til den som toll skal hava, age til den som age skal hava, æra til den som æra skal hava. 8Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre! for den som elskar den andre, hev uppfyllt lovi. 9For ordi: «Du skal ikkje gjera hor, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta,» og kva anna bodord det kann vera, det samlar seg til eitt i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv.» 10Kjærleiken gjer ikkje næsten noko vondt; difor er kjærleiken uppfylling av lovi. 11Og dette lyt me gjera, sidan me kjenner tidi, at timen er komen då me skal vakna or svevnen; for frelsa er oss næmare no enn då me tok ved trui. 12Det lid med natti, og det stundar mot dag; lat oss då leggja verki frå myrkret av, og taka våpni til ljoset på! 13Lat oss ferdasta sømeleg som um dagen, ikkje i svir og drykk, ikkje i utukt og lauslivnad, ikkje i kiv og ovund, 14men iklæd dykk Herren Jesus Kristus, og hav ikkje soleis umsut for kjøtet, at det vekkjer lyster!
Copyright information for NorSMB